Contact Us

Use the form on the right to contact us.

You can edit the text in this area, and change where the contact form on the right submits to, by entering edit mode using the modes on the bottom right. 


6791 Oldedalen
Norway

Aabrekk Gard ligg øverst i den vakre Oldedalen i Stryn kommune. Vi tilbyr overnatting i nyrestaurert hus frå 1700- og 1800-talet, har servering for grupper og sel varer som er produsert på garden. Produkta som vert levert frå garden er basert på sterke tradisjonar, og ber namnet Lykle. Garden og Trollbutunet ligg i eit roleg område, ved foten av Brenndalsbreen, og ikkje langt frå den berømte Briksdalsbreen.

Banner_tunet_2021.jpg

Overnatting

trollbu_cg10.jpg
 

I Trollbutunet kan du bu i restaurerte hus frå 1700- og 1800-talet. Husa vart flytta hit i 1995. Tunet ligg i eit roleg område omkrinsa av høge fjell, frodiggrøne fjellsider, blåkvite brear og ville fossar som dansar nedover fjellsidene.
Vi har 22 sengeplassar fordelt på tre hus. Det er to sjølvstendige hytter og i siste hytta er det ei leilighet i 1. etasje og ei leilighet i 2. etasje med kvar sine eigne inngangar. Ved behov kan du leige ekstra senger. I hyttene og leilighetene er det kjøkken/kjøkkenhjørne, stove, soverom og wc/dusj. Alle bada er nyrenovert vinteren 2023. Ei av hyttene har peisomn, nr 2. Voljastova. Her søv du godt!

 
 

Trollbu-Aabrekk-Gard.jpg

TROLLBU

Trollbu (nr.1) er ei lafta hytte, som vart bygd i 1992. Hytta har bad med dusj og wc, kjøkkenkrok og opphaldsrom i 1. etasje. Soveromma er på hemsen, eit rom med ei dobbeltseng med eit rom med åpen løsning med 2 enkeltsenger utanfor. Hytta passar godt for par eller ein liten familie på tur. Badet og store delar av hytta blei pussa opp i 2023.

Sengeplassar opptil 4 personar.

Sengety er inkludert i prisen.
Sluttvask er inkludert i prisen. 


Momestova.jpg

MOMESTOVA, 1. etasje

Momestova (nr.3) er eit hus frå 1700-talet. Leiligheta som ligg i 1. etasje har kjøkken, opphaldsrom, nyoppussa bad i 2023 og tre doble soverom med totalt 6 sengeplassar.

Sengety er inkludert i prisen.
Sluttvask er inkludert i prisen. 

Voljastova-Aabrekk-Gard.jpg

VOLJASTOVA

Voljastova (nr.2) er ei Nordfjordstove frå 1850, slik som gardskona Signe sine oldeforeldre budde i. Stova vart flytta frå Loen til Trollbutunet i 1995. Godt utstyrt til 8 personar. Soveromma er i 2. etasje fordelt på 3 rom. I 1. etasje er det kjøkken, stort opphaldsrom og bad. Badet blei pussa opp i 2023. Peis i opphaldsromet.

Sengeplassar opptil 8 personar.

Sengety er inkludert i prisen.
Sluttvask er inkludert i prisen. 


Roma.jpg

Leilighet i 2. etasjen på Momestova

I 2. etg i Momestova er er det ei lita leilighet med eigen inngang på baksida (nr.4). Her er to store rom med gang mellom dei, og i gangen er det eit nyoppussa bad og heile leiligheta fekk nytt golv i 2023. Det eine rommet har to dobbeltsenger. Leiligheta er under oppussing og på det andre rommet vil kome eit lite kjøkkenhjørne, spisebord, sofa og TV før sesongen 2024. Bilder kjem.

Sengeplass til opptil 4 personar.

Sengety er inkludert i prisen.
Sluttvask er inkludert i prisen.