Voljastova
Momestova
Trollbu
Bestilling
Aabrekk Gard
6791 Oldedalen
Tlf. +47 57 87 38 38
Mob. +47 913 82 569
Fax +47 57 87 34 96
E-post:
post@aabrekk-gard.no
Bestill overnatting her!
Oldedalen - med breheimen som næraste nabo
Oldedalen er vide kjent for sin fantastiske natur, og turistar valfartar kvart år langs dei bregrøne vatna, inn til eventyrverda ved breane. Frå garden er det sti til Brenndalsbreen og Jostedalsbreen Nasjonalpark. Og litt lenger fram i dalen finn du Briksdalsbreen.
Vi syr gjerne saman ein opplevingspakke til deg; historievandring, trollbiltur til Briksdalsbreen, båttur på Oldenvatnet, shopping i Olden, bading og Spa i Loen.
Briksdalsbreen
Den mektige Briksdalsbreen er ein del av Jostedalsbreen Nasjonalpark. frå 1200 meters høgd stuper det ville brefallet heilt ned i den frodige, tronge Briksdalen - eit syn som kvart år trekkjer til seg 300 000 gjester frå heile verda. Frå fjellstova er det ein om lag 2 km lang grusveg opp til breen. Du kan gå eller bli køyrd i open bil. Vegen har ei stigning på ca. 200 høgdemeter frå startpunkt til brefront. Sesong frå medio april til medio oktober. Turen tek 1,5 time tur-retur.
Brenndalsbreen
Brenndalsbreen ligg rett bak Aabrekk Gard, og er eit fantastisk skue. Brenndalen er ein liten skjult skatt, med frodig natur, omkransa av høge fjellveggar og innerst i den vesle dalen kjem breen ned.
Brevandring på Brenndalsbreen
Frå og med 2010 tilbyr Briksdal Adventure brevandring på Brenndalsbreen, kort veg frå Aabrekk Gard.
Aktuelt