Aabrekk Gard
6791 Oldedalen
Tlf. +47 57 87 38 38
Mob. +47 913 82 569
Fax +47 57 87 34 96
 
 
Lykle - gardsmat frå Aabrekk
Lykle er namnet på produkta som vert leverte frå Aabrekk Gard. Lykle finn du i eit utval av butikkar og hotell i Sogn og Fjordane. Du kan også bestille varer direkte frå Aabrekk Gard: lefser, fiskelefser, flatbrød, havrekjeks, julekaker, geitost, honning, sylte, saft og brød. Alt av finaste kvalitet.  
Signe er "budeia" på Aabrekk Gard. Ho legg sjela si i å vidareføre tradisjonar overlevert frå generasjon til generasjon. Mathistorie, råvarer, kvalitet og kortreist er begrep som Signe formidlar gjennom ekte gardsmat. Her er alt som det skal vere.  
I Oldedalen lever geitene fritt og godt, leikande i vill, rein natur. I fjellsidene bak garden veks lyng og urteplantar, dynka i brevatn og bada i sommarsol. Du kjenner det på geitosten frå Aabrekk; den gode smaken av tradisjonsmat frå liene under breen. Er du heldig, kan du få Signe til å legge frå ein bit til deg...  
Vi er medlem i Hanen, ein landsdekkande organisasjon som baserer seg på turisme og mat produsert på garden, med lokal tradisjon og lokale råvarer
 
Aktuelt
07.01
Velkomen til nye nettsider!
Endeleg er våre nye nettsider lansert!
Les mer
08.01
Produksjon av geitost har starta
Vi gledar oss til å tilby fersk geitost frå Aabrekk.
Les mer